Skip to content
EntityQ1568528· pop 5

former division of the Norwegian parliament

Described at

Lagtinget – Store norske leksikon

Lagtinget var den eine av dei to avdelingane i Stortinget mellom 1814 og 2009. Med delinga i Odelstinget og Lagtinget var Stortinget fram til 2009 organisert som eit tokammersystem i motsetnad til dagens eittkammersystem. Lagtinget bestod av 1/4 av stortingsrepresentantane. Lagtinget heldt møta sine i ein eigen sal, lagtingssalen.

jusleksikon.no

Lagtinget var den eine av dei to avdelingane i Stortinget mellom 1814 og 2009. Med delinga i Odelstinget og Lagtinget var Stortinget fram til 2009 organisert som eit tokammersystem i motsetnad til dagens eittkammersystem . Lagtinget bestod av 1/4 av stortingsrepresentantane. Lagtinget heldt møta sine i ein eigen sal, lagtingssalen. Lovsaker blei behandla i Lagtinget etter at dei først hadde blitt vedtekne i Odelstinget. Dersom dei to tinga ikkje var samde, gjekk saka tilbake for ny behandling i Odelstinget etterfølgd av ny behandling i Lagtinget. Var dei to tinga framleis usamde, blei saka avgjord av Stortinget i plenum med to tredjedels fleirtal. Det var berre lovsaker som blei avgjorde på denne måten. Andre saker, som til dømes vedtak av statsbudsjettet , blei avgjorde i plenum. Lagtinget hadde også som oppgåve å dømma i saker for riksretten saman med Høgsterett . På riksforsamlinga i 1814 var det usemje blant representantane om Stortinget skulle delast i to avdelingar eller ikkje. Tilhengjarane, med Christian Magnus Falsen i spissen, meinte ei deling ville sikra grundig vurdering av lovene og motverka særinteresser og radikalisme. Motstandarane meinte at eit særskilt andrekammer, som senatet i USA eller House of Lords i Storbritannia , ikkje var nødvendig eller passa i eit egalitært samfunn som det norske. Resultatet blei eit kompromiss, som i praksis var eit eittkammersystem forkledd som tokammersystem. Stortinget blei formelt delt i to avdelingar, men desse blei ikkje valde i ulike val eller frå ulike samfunnsgrupper slik som i USA og Storbritannia. Lagtinget blei dimed ikkje den modererande eliteforsamlinga som tilhengjarane såg føre seg. Dessutan blei det bestemt at ved usemje mellom Odelstinget og Lagtinget skulle Stortinget i plenum vedta lovforslaget med 2/3 fleirtal. Sidan Odelstinget utgjorde 3/4 av stortingsrepresentantane, kunne eit stort fleirtal på Odelstinget i teorien overstyra Lagtinget. Samansetninga av og dei avgrensa fullmaktene til Lagtinget gjorde at Odelstinget blei den sentrale politiske arenaen. Etter at Noreg på slutten av 1800-talet fekk eit system med parlamentarisme og politiske parti, blei det dessutan vanleg å gi Odelstinget og Lagtinget den same forholdsmessige partisamansetninga som Stortinget. Etter dette skjedde det i praksis ytst sjeldan at dei to tinga var usamde. Delinga i Odelsting og Lagting blei difor overflødig. Erkjenninga av dette førte til eit grunnlovsvedtak 20. februar 2007 om å avskaffa begge tinga og la all lover bli vedtekne av Stortinget i plenum. Den gamle ordninga blei likevel behalden ut den stortingsperioden ein då var inne i, slik at endringa tredde i kraft 1. oktober 2009. Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar. Universitetet i Bergen er ein av institusjonane som står bak Store norske leksikon.

Excerpt from a page describing this subject · 6,274 chars · not written by Vinony

Wikidata facts

Show 2 more facts
dissolved, abolished or demolished date
2009-09-30
Sources (1)

via Wikidata · CC0

Available in 5 languages

via Wikidata sitelinks · CC0