Skip to content
EntityQ1132026· pop 8

Odelstinget

Sign in to save

former division of the Norwegian parliament

Described at

Odelstinget – Store norske leksikon

Odelstinget var den eine av Stortingets to avdelingar mellom 1814 og 2009. Med delinga i Odelstinget og Lagtinget var Stortinget fram til 2009 organisert som eit tokammersystem, i motsetnad til eittkammersystem i dag. Odelstinget bestod av 3/4 av Stortingets medlemmer. Resten av stortingsrepresentantane utgjorde Lagtinget.

jusleksikon.no

Odelstinget var den eine av Stortingets to avdelingar mellom 1814 og 2009. Med delinga i Odelstinget og Lagtinget var Stortinget fram til 2009 organisert som eit tokammersystem , i motsetnad til eittkammersystem i dag. Etter paragraf 76 i Grunnlova hadde berre regjeringa og Odelstingets medlemmer rett til å fremje lovforslag . Lagtingets medlemmer hadde ikkje forslagsrett. I praksis kom lovforslag vanlegvis frå regjeringa i form av ein odelstingsproposisjon (ot.prp.). Alle lovforslag blei sette fram på Odelstinget. Blei lovforslaget vedteke der, gjekk det vidare til Lagtinget. Dersom dei to tinga ikkje var samde, gjekk lovforslaget tilbake for ny behandling i Odelstinget, etterfølgd av ny behandling i Lagtinget. Var dei to tinga framleis usamde, blei saka avgjord av Stortinget i plenum med to tredels fleirtal . Det var berre lovsaker som blei behandla på denne måten. Andre saker, som til dømes vedtak av statsbudsjettet , blei behandla og avgjorde i plenum . På Riksforsamlinga i 1814 var det usemje blant representantane om Stortinget skulle delast i to avdelingar eller ikkje. Tilhengjarane, med Christian Magnus Falsen i spissen, meinte ei deling ville sikre grundig vurdering av lovene og motverke særinteresser og radikalisme . Motstandarane meinte at eit særskilt andrekammer, som Senatet i USA eller House of Lords i Storbritannia , verken var nødvendig eller passa i eit egalitært samfunn som det norske. Resultatet blei eit kompromiss , som i praksis var eit eittkammersystem forkledd som tokammersystem. Stortinget blei formelt delt i to avdelingar, men desse blei ikkje valde i ulike val eller frå ulike samfunnsgrupper slik som i USA og Storbritannia. Lagtinget blei dermed ikkje den modererande eliteforsamlinga som tilhengjarane såg føre seg. Dessutan blei det bestemt at ved usemje mellom Odelstinget og Lagtinget skulle Stortinget i plenum vedta lovforslaget med 2/3 fleirtal. Sidan Odelstinget utgjorde 3/4 av Stortingets medlemmer, kunne eit stort fleirtal på Odelstinget i teorien overstyre Lagtinget. Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar. Universitetet i Bergen er ein av institusjonane som står bak Store norske leksikon.

Excerpt from a page describing this subject · 6,873 chars · not written by Vinony

Wikidata facts

Part of
Stortinget
Country
Norway
Show 3 more facts
applies to jurisdiction
Norway
dissolved, abolished or demolished date
2009-09-30
Sources (1)

via Wikidata · CC0

Available in 8 languages

via Wikidata sitelinks · CC0